NYHEnde

SD s19 grønn.jpg

Sumarutstilling

Hovudustillarar på årets sumarutstilling er Frank Brunner, Per Fronth og Lars Løken. Dei fire kunstnarane syner originalarbeider og trykk. Det vert og ein småbileteutstilling som i tillegg til de fire hovudutstillarane syner arbeider av med anna, Bjarne Melgaard, Nico Widerberg, Sverre Bjertnæs, Lars Elling, Ingrid Haukelidsæter, Rolf Nerli og Gro Fraas. Sumarutstillinga er ope onsdag-sundag kl. 11-17 i perioden 10-21. juli.

B-Kvile_og_fred.jpg

Sverre koren bjertnæs

Den 15. juni kl. 12:00 opnar Sverre Koren Bjertnæs utstilling på Galleri Systog Dale. Bjertnæs er godt etablera som ein av landets aller fremste kunstnarar. Han har gjort stor suksess nasjonalt og internasjonalt med separatutstillingar og samarbeidsprosjekt med Bjarne Melgaard og Håkon Bleken. Bjertnæs er aktuell med ei stor retrospektiv utstilling på Haugar Vestfold Kunstmuseum og ny bok som dokumenterer kunstnarskapet fram til dag. Utstillinga heng fram til 30. juni. Systog Dale har ope torsdag-sundag kl. 10-16 i perioden

LES MEIR

IMG_08111.jpg

PÅSKA 2019

Systog Dale har ope torsdag 18. april - laurdag 20. april kl. 12-16. Stort utval i grafikk og malerier av Frank Brunner, Sverre Koren Bjertnæs, Lars Elling, Per Fronth, Magne Furuholmen, Ingrid Haukelidsæter, Lars Løken, Bjarne Melgaard, Ørnulf Opdahl, Nico Widerberg mfl.


Lars_Løken_-_Mot_lys.jpg

Jul 2018

Systog Dale har ope fredag 21. desember kl. 16-20, lørdag 22. desember kl. 11-15 og søndag 23. desember kl. 11-15. Stort utval i innramma kunst av Brunner, Bjertnæs, Elling, Fronth, Haukelidsæter, Løken, Melgaard, Opdahl, Widerberg mfl. 

sumarutstilling+2018+web+-+lilla.jpg

SUMARUTSTILLING 2018

Årets sumarutstilling på Systog Dale syner arbeider av Bjertnæs/Melgaard, Magne Furuholmen, Ingrid Haukelidsæter, Michael Rieu, Frank Brunner, Nico Widerberg og Per Fronth. Opning 20. juli kl. 17:00.

Opning Systog Dale.JPG

"Nyopning" av Systog Dale

Den 22. juli 2017 opna Systog Dale dørene att, etter om lag eit år med ombygging og utviding. Sumarutstillinga med Frank Brunner, Per Fronth og Bjarne Melgaard trakk over 300 menneskje til opninga og totalt vart utstillinga vitja av nærare 4000 menneskje. Les meir frå opninga i Fædrelandsvennen.  

Utveg-elven - web.jpg

PER FRONTH - SETESDAL REVISITED 27.10-09.12

Per Fronth har gjennom heile sin kunstnarkarriere henta inspirasjon og motiv frå naturen i Setesdal. Utstillinga Setesdal Revisited både sumerar opp, og synar heilt nye tilnærmingar til Setesdal i Per Fronths kunst. LES MEIR

Førjolsutstilling 2017 plakat.gif

Førjolsutstilling 2017

Årets førjolsutstilling på Systog Dale opnar den 17. november kl. 15 Utstillinga syner måleri, grafikk og skulptur frå ein rekke anerkjende norske kunstnarar som med anna Lars Elling, Michael Rieu, Petter Hepsø og Nico Widerberg.

Sumarutstilling 2017 - PF .jpg

Sumarutstilling 2017

Årets sumarutstilling på Systog Dale synar bilete frå tre norske kunstnarar som har stor suksess både nasjonalt og internasjonalt, og som er blant våre mest verdsette samtidige kunstnarar.  Men likskapen mellom dei stoppar der. For i uttrykket er det stor skilnad mellom Bjarne Melgaards røffe og til tider provoserande bileter, Frank Brunners raffinerte augneblinks skildringar og Per Fronths fargerike og samfunnsengasjerte fotobasera kunst.