Fjellmat – med Rune & Margit & Moi  gjorde stor suksess på TV2 vinteren 2015.  Nå er det endeleg klart for ein ny sesong. TV-serien byr på humor, tradisjon og mesterkokkelering i ei frydefull blanding. I sesong 2 vert vi med Rune Andersen, Margit Dale og Trond Moi tilbake til Setesdal. Dalen som vart att i middelalderen, mens resten av Noreg gjekk vidare. Dei jaktar, fiskar, sankar og haustar, og saman med dei får me oppleve korleis eldgamle norske mattradisjonar gjev ny inspirasjon. Det vert spontan komikk, storslått natur, spanande opplevingar – og ikkje minst velsmakande mat.

Fyste program i sesong 2 vert synt på TV2 onsdag 15. februar kl. 20:00 og vert fulgt av to program til dei påfylgjande onsdagane på same kanal og til same tid. I sesong 2 fylgjer me Rune & Margit & Moi på ei reise frå Byglandsfjord til Hovden og det vert møter med lokale bønder, jegerar og tradisjonsberarar.

 

5733_Fjellmat_2448.jpg

 

Margit Dales tradisjonelle matretter inspirerer Trond Moi til kulinariske stunts basert på dei same råvarene. Rune Andersen får smake mat han ikkje eingong ante eksisterte og får prøve seg på alt det ein bygut eigentleg ikkje kan noko om.

Trioen er strålande nøgde med opptaka til den nye sesongen og sjølvsagt svært spente på mottakinga.

«Det har vært utroleg gøy å lage Fjellmat. Spanande opplevingar, morosame situasjonar, trivelige menneskjer og god mat - og så vi har fått oppleve Setesdal på sitt aller vakraste. Dersom bare 10 % av det kommer gjennom TV-ruta så kommer folk til å kose seg stort!» seier Margit Dale.

Det er og tydeleg at dei tre har satt pris på samarbeidet og på kvarandre. Rune Andersen seier det slik: «Vi er en trio som trives godt i lag og har mye av den samme nysgjerrigheten og drivet. Det har rett og slett vært en fest å gjøre Fjellmat. Det kostet meg en menisk og tre måneder på krykker. Men det var søren meg verdt det»

Per_Fronth_-_Reservoir___Red_Birch___Skavl_(Setesdal)_III.jpg

Meisterkokken Trond Moi er full av lovord om dei lokale mattradisjonane  og råvarene: «Vakker natur, spennende kultur, smakfull tradisjonsmat, fantastiske råvarer og ikke minst muligheten til å slippe kreativiteten løs i matlagingen – det har vært helt fantastisk! Det å lage denne serien, med mange og lange gåturer på fjellet, har gitt en direkte kontakt med råvarene som jeg ikke har opplevd før. Det har vært utrolig inspirerende».

Sjølv om det er mat som står i hovedfokus, så er ikkje Fjellmat eit vanleg matprogram. Matopplevingsprogram er nok ei betre beskriving, skal ein tro trioen. «Fjellmat er ikke standard A4 mat-tv. Vi har plukket, sanket, jaktet og slaktet, og har tilberedt all maten under åpen himmel. Vi har møtt spennende mennesker, hatt magiske opplevelser og med Rune på laget er det ikke til unngå at det blir gøy. Fjellmat er ikke kun for matnerder, det er for alle som kan sette av en time foran skjermen for å smile og ha det bra!» avsluttar Trond Moi.