SYSTOG DALE

Systog Dale er ein gamal slektsgard i Valle i Setesdal. Her hev det vore kontinuerleg gardsdrift sidan den fyrste dalsen slo seg til her på 1300-talet og garden har vorte ført vidare frå generasjon til generasjon i den same slekta i over 500 år. Systog Dale berer i dag på mange vis essensen av Setesdals identitet, slik den har vorte utvikla i eit samspel mellom naturen, den lokale estetikk, våre særprega kulturutrykk og  mattradisjonar. På Systog Dale hev me alltid vore opptekne av å take vare på tradisjonane og av å take godt imot gjestar. Velkomen til Systog Dale - der tradisjonar lever vidare.

 
signatur margit.png