NYE SYSTOG DALE

Den 21. juli opnar Systog Dale etter eit drygt halvår med hektisk byggjeaktivitet. Me gler oss til å ynskje velkomen til nye og større lokale, og til eit heilt nytt konsept. Systog Dale kjem frametter til å satse på galleridrift og kurs, servering og møteverksemd for grupper. 

Galleri Systog Dale kjem til å syne 2-3 separatutstillingar i året og i tillegg vert det sumarutstilling og joleutstilling. Sjå nærare informasjon under «galleri» her på heimesida.   

I dei nye lokala er det både kurskjøkken og baksterom, og her kjem Margit Dale til å take i mot grupper til mat- og bakekurs. Nærare informasjon kjem snart på heimesida.   

Du kan og tinge servering for grupper frå 10-60 personar. Margit har utvikla ein heilt ny meny med både tradisjonsmat og meir moderne rettar som er basera på lokale råvarer. Nærare informasjon kjem snart på heimesida

I dei nye lokale har me alle møtefasilitetar og kan tilby pakkeløysingar i samband med møter og konferansar som er tilpassa alle behov og ynskjer. Nærare informasjon kjem snart på heimesida

Dei som kjennar til Systog Dale frå før lurar kanskje på kva som har skjedd med gardsbutikken? Gardsbutikken er no betydeleg tona ned, men me kjem fortsatt til å ha ein liten «krok» med eit utval produkt. Og når det nærmar seg jol –da fyller me Systog Dale opp med pynt, bruksgjenstandar og matprodukt,  og inviterer, tradisjonen tro, til jolemarknad.  Dessutan vil det i sesong være mogleg å kaupe kjøttprodukt frå Systog Dale, som pinnekjøt, fenalår og spekepylse.

Me håpar du vil sette pris på «nye» Systog Dale – og har du spørsmål så er det sjølvsagt berre å take kontakt!

Foto: Systog Dale og Anders Martinsen fotografer