RUNE & MARGIT & MOI

- I SETESDALS KULINARISKE SKATTKAMMER

Foto: Anders Martinsen fotografer

..verdt en plass på kjøkkenet i de tusen hjem.
Terningkast 6..
— Reiselyst
Et friskt forsøk på å fornye kokeboka...
— Fredrik Wandrup, Dagbladet

Margit Dale frå Systog Dale hev vore på ein kulinarisk oppdagingsreise i Setesdal saman med meisterkokken Trond Moi og den matglade komikaren Rune Andersen. Deira reise og matopplevingar i eventyrlege Setesdal kom ut i bokform i oktober 2015. Boka blei tekje i mot med lovord og godt sal. Forlaget Vigmostad & Bjørke AS omtalar boka på fylgjande måte: "Dette er en kulturskatt av en bok. Kokken Trond Moi og komikeren Rune Andersen blir geleidet gjennom dette unike landskapet av Margit Dale, som er oppvokst i dalen og brennende opptatt av å ta vare på denne viktige delen av norsk kultur. Boken byr på en herlig kombinasjon av det urnorske og det moderne, med kortreiste og naturlige råvarer i sentrum.
Margit presenterer den tradisjonsrike maten slik den er blitt tilberedt siden middelalderen, Trond lager sine egne oppdaterte varianter og Rune sørger for god stemning og latterkuler underveis."

Boka er skrive av Jan Hedenstad og Frode Verpe. Forfattar Hedenstad har gjeve ut ein rekkje bøker tidligare, men meiner at denne boka merkar seg ut. "Boken skiller seg fra andre kokebøker på flere måter. Setesdal er en spesiell og særpreget dal. Det er også mattradisjonene. For at leserne skal forstå hvorfor det er slik, har vi valgt å gi dem et innblikk i dalens geografi, historie og kultur. Jeg synes miksen er vellykket, tror den vil øke leseinteressen, og den åpner dessuten for et rikt og flott billedmateriale – av både gamle og nye bilder", seier Hedenstad.

En solid bok. Terningkast 5...
— Oppland Arbeiderblad

Bileta i boka er det fotograf Anders Martinsen som stend bak og han har levert eit breitt utval praktfulle bilete som dokumenterer trioens reise gjennom Setesdal. I lokalavisa Setesdølen ble nettopp bileta trekt fram som spesielt imponerande. "Det som er av nye bilete er det Anders Martinsen som har prestert. Me skriv prestert fordi bileta er beint og greitt imponerande handtverk!" 

Pressa har tatt boka i mot med lovord og flotte terningkast, men den har og imponert matglade lesarar. Eit tema som ein i utgangspunktet kunne tenkje seg at fyrst og fremst ville vekkje lokal interesse har synt seg og fengje over det ganske land. Boka har rett og slett vore ein salsuksess og opplaget har nå passert 6000. Du finner boka for sal i dei fleste bokhandlarar over heile landet og i alle nettbokhandlarar. Dersom du ynskjer ein liten smakebit så kan du lese eit utdrag av boka her og ynskjer du å kaupe boka så kan du gjere det her.

 

Foto: Anders Martinsen fotografer

Foto: Anders Martinsen fotografer

Foto: Anders Martinsen fotografer

Foto: Anders Martinsen fotografer