SUMARUTSTILLING 2017

Årets sumarutstilling på Systog Dale synar bilete frå tre norske kunstnarar som har stor suksess både nasjonalt og internasjonalt, og som er blant våre mest verdsette samtidige kunstnarar.  Men likskapen mellom dei stoppar der. For i uttrykket er det stor skilnad mellom Bjarne Melgaards røffe og til tider provoserande bileter, Frank Brunners raffinerte augneblinks skildringar og Per Fronths fargerike og samfunnsengasjerte fotobasera kunst. 

Sumarutstillinga henger i perioden 21. juli til 11. august. Opninga den 21. juli er frå kl. 16:30 til 19:00. Frå 22. juli held med ope frå kl. 11:00 til 17:00 onsdag-sundag. Kafeen har ope med enkel servering frå 22. juli og har same opningstider som galleriet.  I kafeen finn du og eit stort utval av grafikk som kan kaupast rett frå veggen. Ynskjer du å vitje utstillinga utanom opningstidene så er det berre å ta kontakt.