SVERRE KOREN BJERTNÆS 15. JUNI - 30. JunI 2019

B-Det_fine_som_kan_bli.jpg
 
IMG_1524.JPG

I perioden 15-30. juni har Sverre Koren Bjertnæs utstilling på Galleri Systog Dale. Bjertnæs er godt etablera som ein av landets aller fremste kunstnarar. Han har gjort stor suksess nasjonalt og internasjonalt med separatutstillingar og samarbeidsprosjekt med Bjarne Melgaard og Håkon Bleken. Bjertnæs er i sommar aktuell med ein stor retrospektiv utstilling på Haugar Vestfold Kunstmuseum og ny bok som dokumenterer kunstnarskapet fram til dag.

Utstillinga på Systog Dale syner akvarell, handkolorerte trykk, serigrafi, radering og tresnitt i ulike formatt.  Det vert både stilt ut Bjertnæs sine sjølvstendige arbeid, og arbeid frå samarbeidsprosjekta med Melgaard og Bleken. 

Bjertnæs er fødd og oppvaksen i Trondheim. Han synte tidleg eit eksepsjonelt kunstnerisk talent og som 16-åring gjekk han i lære hos Odd Nerdrum. Dei tidlege arbeidene er tydeleg influert av Nerdrum, men dei syner og ein ung kunstnar som er svært moden og handverksmessig dyktig. Som 18-åring begynte Bjertnæs ved Statens Kunstakademi og uttrykket endret seg i retning av ei meir fotorealistisk malemåte. 

Kunstnarskapet er i kontinuerlig endring kva gjeld form, uttrykk og teknikk, men innehar samstundes ein tydeleg signatur. Endringa er ikkje eit resultat av usikkerheit og tvil, men av ein dyktig og trygg kunstnar som våger og meistrar.

Bjertnæs er kjend for samarbeid med andre kunstnarar, i første rekke Bjarne Melgaard og Håkon Bleken. Han hadde sin første separatutstilling i Bjarne Melgaards galleri Norsk Anarkistisk Fraksjon (NAF) i år 2000. I ettertid har han samarbeidet tett med Melgaard. Dei delte atelier i New York gjennom nokre år og holdt i denne perioden fire utstillingar saman. I 2017 tok dei opp at samarbeidet og hadde fleire kritikerroste utstillingar i Noreg. Samarbeidet med Melgaard har satt tydeleg spor etter seg i Bjertnæs sin kunst med ein meir flytande og spontan uttrykksform.

Da Håkon Bleken fekk Anders Jahres Kulturpris i 2005, utpekte han Bjertnæs til Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere. Det skil meir en 40 år mellom Bleken og Bjertnæs i alder, men ein gjensidig respekt for kvarandres kunstnerskap førte til at eit samarbeid falt seg naturlig. Samarbeidet har med anna resultert i utstillinga AVTRYKK på QB Gallery i 2015. 

Sverre Koren Bjertnæs reknast som ein av Noregs mest sentrale samtidskunstnarar, og stiller ut i anerkjende gallerier både nasjonalt og internasjonalt. I 2013 fekk han internasjonal merksemd då han stilte ut på White Columns Gallery i New York og i 2014 vart separatutstillinga Nervous Fluids på Stenersenmuseet kritikerrost og ein stor publikumssuksess.