Garden Systog Dale har ein historie som går tilbake til eldgamle tider. Sjølve garden kan føres attende til 1300-talet, men gravhauger vitnar om at det budde folk der allereie i vikingtida. Gardsbutikken og serveringstaden på garden har nok ikkje ein like lang historie å skilte med. Den historien starta i 2011, men allereie nå vert det skrive eit nytt kapittel.

I perioden frå januar til juli 2017 er det hekisk byggjeaktivitet på Systog Dale. Lokala som hev husa gardsbutikk og servering vert bygd om, og utvida med heile 150 kvm.

Samstundes vert det utvikla eit nytt konsept for drifta. Korleis det nye Systog Dale vert og kva me kan tilby - det vil me ikkje røpe heilt enno. Men me kan love ei tyngre satsing på mat og servering, og på kulturaktivitetar og kunstutstillingar. Det nye Systog Dale vert lansert i juni og opninga er planlagt i juli. Det er bare å vente - ei lita stund til.