Sverre Koren Bjertnæs
I perioden 15-30. juni har Sverre Koren Bjertnæs utstilling på Galleri Systog Dale. Bjertnæs er godt etablera som ein av landets aller fremste kunstnarar. Han har gjort stor suksess nasjonalt og internasjonalt med separatutstillingar og samarbeidsprosjekt med Bjarne Melgaard og Håkon Bleken. Bjertnæs er i sommar aktuell med ein stor retrospektiv utstilling på Haugar Vestfold Kunstmuseum og ny bok som dokumenterer kunstnarskapet fram til dag.
Utstillinga på Systog Dale syner akvarell, handkolorerte trykk, serigrafi, radering og tresnitt i ulike formatt. Det vert både stilt ut Bjertnæs sine sjølvstendige arbeid, og arbeid frå samarbeidsprosjekta med Melgaard og Bleken.
Bjertnæs er fødd og oppvaksen i Trondheim. Han synte tidleg eit eksepsjonelt kunstnerisk talent og som 16-åring gjekk han i lære hos Odd Nerdrum. Dei tidlege arbeidene er tydeleg influert av Nerdrum, men dei syner og ein ung kunstnar som er svært moden og handverksmessig dyktig. Som 18-åring begynte Bjertnæs ved Statens Kunstakademi og uttrykket endret seg i retning av ei meir fotorealistisk malemåte.
Kunstnarskapet er i kontinuerlig endring kva gjeld form, uttrykk og teknikk, men innehar samstundes ein tydeleg signatur. Endringa er ikkje eit resultat av usikkerheit og tvil, men av ein dyktig og trygg kunstnar som våger og meistrar.
Bjertnæs er kjend for samarbeid med andre kunstnarar, i første rekke Bjarne Melgaard og Håkon Bleken. Han hadde sin første separatutstilling i Bjarne Melgaards galleri Norsk Anarkistisk Fraksjon (NAF) i år 2000. I ettertid har han samarbeidet tett med Melgaard. Dei delte atelier i New York gjennom nokre år og holdt i denne perioden fire utstillingar saman. I 2017 tok dei opp at samarbeidet og hadde fleire kritikerroste utstillingar i Noreg. Samarbeidet med Melgaard har satt tydeleg spor etter seg i Bjertnæs sin kunst med ein meir flytande og spontan uttrykksform.
Da Håkon Bleken fekk Anders Jahres Kulturpris i 2005, utpekte han Bjertnæs til Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere. Det skil meir en 40 år mellom Bleken og Bjertnæs i alder, men ein gjensidig respekt for kvarandres kunstnerskap førte til at eit samarbeid falt seg naturlig. Samarbeidet har med anna resultert i utstillinga AVTRYKK på QB Gallery i 2015.
Sverre Koren Bjertnæs reknast som ein av Noregs mest sentrale samtidskunstnarar, og stiller ut i anerkjende gallerier både nasjonalt og internasjonalt. I 2013 fekk han internasjonal merksemd då han stilte ut på White Columns Gallery i New York og i 2014 vart separatutstillinga Nervous Fluids på Stenersenmuseet kritikerrost og ein stor publikumssuksess.
-
BIOGRAPHY
1989-93 Student of Tore Bjørn Skjølsvik
1993-94 Student of Odd Nerdrum
1995-99 National Academy of Art, Oslo, Norway
2002-04 Dutch Art Institute, Master’s Degree, the Netherlands
SOLO EXHIBITIONS
2020 “Skogen trekker seg tilbake” BGE Contemporary art, Stavanger
2019 “Ikke alt som har vært, skal være med videre” Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
2019 The Armory show, New York
2019 “Hvilende hode” Galleri Brandstrup, Oslo
2018 ”Veien igjennom” in collaboration w/ Bjarne Melgaard, BGE Contemporary art, Stavanger
2018 ”Den borgelige byrde” in collaboration w/ Bjarne Melgaard, Galleri Brandstrup, Oslo
2018 ”Noe må gå i stykker” in collaboration w/ Bjarne Melgaard, Rod Bianco Gallery, Oslo
2017 “Silent Conditions” Beers London, London
2016 “Det kollektive mennesket/ Minner om oss” Galleri Brandstrup, Oslo
2015 “New Sentiments II” BGE Contemporary Art Projects, Stavanger
2015 “New Sentiments” Michael Janssen Gallery, Berlin
2015 “Nå. Ingenting. To.”, Galleri Brandstrup, Oslo 2014 ”Nervous fluid”, Stenersenmuseet, Oslo.
2015 “Cold Reading”, James Fuentes, New York 2013 ”Cold Reading”, Galleri K, Oslo.
2015 ”White Columns”, New York
2015 The Armory show, New York, in collaboration w/ Bjarne Melgaard
2012 ”Climate Confusion Assistance” in collaboration w/ Bjarne Melgaard, Galleri K, Oslo 2011 Art Brussels
2010 ”Happiness of Henry Darger”, Galleri K. Oslo
2010 Gråmølna, Trondheim Kunstmuseum
2010 VOLTA, New York
2009 “Sentiments”, Galleri K, Oslo
2007 “Implosion” Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
2006 “Implosion”, Galleri K, Oslo
2006 "Peripeteia", Møre og Romsdal Kunstforening
2005 "Peripeteia", Trondheim Kunstforening, Trondheim
2005 "Inkognito", Blomqvist Kunsthandel, Oslo
2004 "Inkognito", Trondheim Kunstmuseum, Trondheim
2000 Norsk Anarkistisk Fraksjon, Oslo
GROUP EXHIBITIONS
2016 Elisabeth Werp og Sverre Koren Bjertnæs, Galleri Nicolines Hus, Kragerø
2015 "Avtrykk" med Håkon Bleken, QB Gallery, Oslo
2014 “THE ART – Freedom and bounderies“ Galleri Festiviteten og Stallgården, Eidsvoll Verk
2013 Gamle Ormelet, Tjøme.
2012 ”Laying the ghost” med Bjarne Melgaard, Rod Bianco Gallery, Oslo
2012 ”Fresh Paint”, Stenersenmuseet, Oslo
2011 ”After Shelley Duval '72 (Frogs on the High Line)”, Maccarone, New York
2011 ”62 SKRIK”, Vestfossen Kunstlaboratorium, Øvre Eiker
2010 Sverre Bjertnes and Bjarne Melgaard, Gallery Rod Bianco, Copenhagen
2009 "Nachspiel / Vorspiel", Vestfossen Kunstlaboratorium, Øvre Eiker
2008 Basel Art SCOPE, Sveits
2007 Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
2006 Galleri K, Oslo
2006 Artforum Berlin, Galleri K, Tyskland
2005 Artforum Berlin, Galleri K, Tyskland
2004 Masterclass Exhibition, Amsterdam, Holland
2003 Nanjing Art Senter, Kina
2002 UKS, with Anders Eiebakke
2001 Galleri SE, Bergen,
2001 "Norske Bilder", Oslo,
2001 "Nekrologer", Ullensaker Kunstforening, Jessheim
2001 “Ideologia”, Nordic Art Biennale
2000 "Nekrologer", med Unni Askeland og Morten Viskum, Drammen Kunstmuseum
2000 "Schpaa", Den Frie Forening, København, Danmark
2000 "Schpaa", Bergen Kunsthall Festspillene i Nord-Norge,
2000 Harstad Galleri No 5, Bergen Kunstforening
1999 "Avgansutstillingen", Stenersenmuseet, Oslo
1998 Galleri Ericsson, Stockholm ArtFair, Sverige
1997 Galleri Low, Atlanta, USA
1996 Statens Høstutstilling, Oslo
1995 "2x2x2", Henie-Onstad Kunstnersenter, Høvik
1994 Sødertälje Kunsthall, Sverige
1993 "I de dødes tradisjon", Blomqvist Kundsthandel, Oslo
1992 "Desemberutstillingen", Trondheim Kunstmusem
15.juni - 30. juni 2019