LARS LØKEN

25. juni - 17. juli 2022

Lars Løken er ein svært populær kunstnar. Hans kvardagslege og minneframkallande motiv, gjerne sett opp mot ein abstrahert bakgrunn med ein frisk koloritt, treff publikum mitt i hjarta. Løkens separatutstilling på Galleri Systog Dale syner måleri, handkolorerte papirarbeid og grafikk innafor ei rekke av kunstnarens motivkrinsar.

Løken er fødd i Sarpsborg, men har vakse opp i Vennesla. I dag bur og arbeider han på Jeløya i Moss. Han starta sin kreative karriere som musikar, men gradvis vart han meir og meir fokusert mot å spele ut kreativiteten i biletekunsten. Dei siste 20 åra har han vore profesjonell biletekunstnar, men har ikkje gjeve heilt slepp på musikken. Han kjennar sjølv at dei to utrykksformane er tett bunde saman. – Tankesettet er mykje likt når det gjeld komposisjon, linjer og klang. Eg nyttar akkorder i musikken og fargeklangar i måleriet. For meg går alle kreative prosessar ut på det same, eit ønskje om å bringe fram kjensler hjå publikum. Det er berre uttrykksformene som er annleis, forklarar han.  

I atelieret på Jeløya jobbar han strukturert og flittig, og gjerne med dei same motiva gjennom fleire år. Dei fleste kjennar til Lars Løken sine bilete av små jenter som leikar i vasskanten. Det er eit tema han har jobba med i over 15 år. Når kunstnaren startar arbeidsdagen i atelieret lurar han ikkje på kva han skal måle, men korleis han skal måle det. Han ønskjer å gå så djupt som mogleg inn i eit tema og jobbe med det over tid.

- Eg er ikkje ein politisk kunstnar og er ikkje ute etter å provosere med kunsten min. Målet er at bileta eg lagar skal gje ein oppleving av ro og harmoni, og gjerne kjensler som melankoli eller augneblinksglede. Bileta er på eit vis stemningsrapportar, fortel han.

Løken måler på plater og gjerne i store format. Prosessen startar med sand og lim for å bygge struktur og stoffelegheit. Så rissar han ut motivet, og startar å måle. Han nytter den eldgamle teknikken eggoljetempera, og lagar fargene sjølv av egg, olje, vatn og fargepigment. Eggoljetempera var einerådande innanfor kunstmåling fram til oljemålinga vart introdusert på 1400-talet. - Målinga er tynn og renner mykje. Eg likar at det renn. Eg legg bileta på golvet og hell på måling, og nyttar svaber og brei pensel på bakgrunnen. Det gjev ein effekt med fleire lag som skin gjennom, seier Lars Løken.

Til tross for gjentakande tematikk og motiv, er det stor variasjon i Løkens bilete. Omgjevnader og bakgrunnar i ulik abstraksjongrad innanfor eit breitt fargespekter, gjev spennvidde og dynamikk. Det tydeleg definerte møtet mellom dei abstraherte omgjevnadene og dei detaljrike menneskeskikkelsane og gjenstandane, opplevast ikkje som ein konflikt på bileteflata. Tvert om kan ein kanskje seie at dei to ulike uttrykka smeltar saman til eit heile. Likevel kan ein som publikum nokon gonger kjenne på at det er abstraksjonane som, i større grad enn hovudmotivet, styrer den kjenslemessige opplevinga av biletet.

  • LARS LØKEN

    Født i Sarpsborg 1965. Bosatt i Moss.

    UTDANNING:

    TEGNING OG MALING GRUNNKURS - (TORMOD ROPSTAD OG HANS OTTO MINGE) - KRISTIANSAND 1990-91 EINAR GRANUM KUNSTSKOLE I OSLO 1991-93

    UTSTILLINGER (UTVALG):

    GALLERI HANTHO - HAUGESUND 2021

    GALLERI RØED - JELØY 2020

    GRIMSTAD KUNSTFORENING - GRIMSTAD 2020

    GALLERI BI-Z -KRISTIANSAND 2019

    GALLERI HILLESTAD - ÅMLI 2018

    GALLERI ATHENE - DRAMMEN 2017

    LILLESAND KUNSTFORENING - LILLESAND 2015

    GALLERI RØED - HALDEN 2015

    GALLERI HANTHO - HAUGESUND 2014

    GALLERI HENRIK GERNER - MOSS 2014

    GULDEN KUNSTVERK - STEINBERG 2012

    GOL KUNSTFORENING - GOL 2011

    GALLERI HENRIK GERNER - MOSS 2010

    GALLERI BI-Z - KRISTIANSAND 2010

    KRISTIANSAND KUNSTFORENING (KOLLEKTIVUTSTILLING) - KRISTIANSAND 2008 GULDEN KUNSTVERK - STEINBERG 2008

    GALLERI HENRIK GERNER - MOSS 2007

    KRISTIANSAND KUNSTFORENING (KOLLEKTIVUTSTILLING) - 2006

    GALLERI BI-Z - KRISTIANSAND 2006

    GALLERI HENRIK GERNER - MOSS 2006

    GALLERI BI-Z - KRISTIANSAND 2003

    INNKJØPT:

    VENNESLA UNGDOMSSKOLE - VENNESLA +BANK - KRISTIANSAND

    NORSK SYKEPLEIERFORBUND - OSLO MOSS KOMMUNE - MOSS

    SYKEHUSET BUSKERUD HF - DRAMMEN KRUSE SMITH - STAVANGER

    JELØY KIRKE- MOSS

    UTSMYKKING:

    HOTELL NORGE - KRISTIANSAND VENNESLA FRIKIRKE - VENNESLA

    REPRESENTERT:

    GOD I ORD - TEKSTBOK I NORSK FOR 5. -7. TRINN